Utendørs kalveoppstalling

Utendørs kalveoppstalling er tema i denne artikkelen der eg skriv om våres erfaringar med å flytte kalvane ut frå fjøsen og stalla dei opp ute i kalvehytter. Motivasjonen for å setja kalvane ut i hytter var å få friskare og sunnare kalvar, samt å få betre plass til kalv/ ungdyra inne. I eit forsøk (Dalgaard, 2005) som er gjort ut frå ei samla bedømming av luftvegsproblem, diare og matlyst, har ein påvist at kalvehytter er positivt for kalvehelsa.

av Hallgeir Gravelsæter

Frå min tidligare jobb i Rogaland har eg vore litt borti systema med å ha kalvane ute i hytter, og har snakka med fleire bønder som opplevde ei heilt anna kalvehelse etter dei flytta kalvane ut. Etter det blei bygd ny fjøs på garden var kalvehelsa stadig ei utfordring med både diare, ledd- og navlebetennelse. I tillegg blei kalveavdelinga i overkant full til tider. Dermed var det eit enkelt val å prøve seg på å flytte kalvane ut i hytter, med eit mål om friskare kalvar, betre tilvekst og betre plass inne i fjøsen. Me har ca 50 kalvingar/ år og kjøpte inn 8 hytter med utegarde i fjor vinter.

Kalvane blir nå normalt flytta ut 1-2 dagar gamle. Dei står enkeltvis i hyttene, men utegarden gjer at dei ser og kan komme i kontakt med kvarandre. I dag har me kalvane ute til dei er 6-8 veker, litt avhengig av kva tid me treng hytta til ein ny kalv. Frå hyttene blir dei i dag flytta inn i fjøsen, men me ser at det er ein fordel at dei blir størst mogleg (8 veker pluss). Elles kan dei få seg ein liten knekk når dei kjem inn. For å gjere overgangen betre, og få kalvar som er meir rusta til å møte miljøet inne i fjøsen, vil me lage til felleshytte ute berekna på grupper på 4-6 kalvar. Då kan dei få være ute til dei er 3-4 mnd. Kalvens immunforsvar er på det lågaste mellom 3-5 veker og bygger seg opp til eldre kalven blir, sjå figur 1.

 kalvens-motstandskraft
Figur 1. Figuren viser kalvens totale motstandskraft (svarte linjer) som består av
passiv immunitet (blå linjer) fra råmjølk og aktiv immunitet (rød linje) fra eget
immunforsvar. Total immunitet blir lavere og kalven er mer sårbar for sjukdom
dersom den tilføres for lite råmjølk, eller får råmjølk med for lavt innhold av IgG.
(Omarbeidet etter Wattiaux, 2003, publisert i Buskap nr 3,  2015 )

Som underlag til kalvehyttene har vi brukt grov flis og singel. Dette har fungert godt, men for å forenkle oppreinskinga av hyttene og utegarden kan det vera ein fordel med fast dekke. Gjerne med litt fall framover så vatn ikkje renn inn i hytta og halmsenga. Inne i hytta brukar me godt med halm, og til kaldare det er ute til meir halm må brukast. Hovudregelen er at halmsenga skal vere så tjukk at føtene til kalven er skjult når den ligg. I dei kaldaste periodane bruker me også kalvedekken på dei minste kalvane for å gi dei ekstra varme. Garden ligger heilt sør på Senja med forhaldsvis milde vintrar med -19oC som lågaste 3-døgns middeltemperatur. For å lykkast med kalvehytter er det viktig at kalven har det tørt, ligg mjukt og godt i ei halmseng og at det er trekkfritt der den ligg. Mykje av grunnen til betre helse på kalven ute er frisk luft med lågare smittepress, samanlikna med lufta inne i fjøsen. Me var litt spente på halmforbruket og kva kostnad dette ville dra med seg, men med eit forbruk på 20-25 kg/ kalv og setter prisen på halm til 6 kr/ kg er kostnaden på rundt 120-150 kr/ kalv. Ein kostnad me er sikre på at me hentar inn på friskare kalvar som veks betre.

img_2102-2
 dsc_0110-2

Det kan vera lurt å plassera hyttene i ly mot bygningar, og helst i nærleiken av kalvekjøkkenet. Det er ein stor fordel å plassere hyttene slik at du ser dei når du går til og frå fjøsen for å få mest mogleg tilsyn til kalvane. Handtering og lagring av mjølk bør vera i nærleiken av hyttene, for å lette transporten til og frå. Eventuelt kan ein “mjølketaxi” letta arbeidet om det er god veg til hyttene. Det bør vera enkel tilgang på vatn og god belysning. I forhold til vatnet er frosten ei utfordring vinterstid. Me har foreløpig løyst det med å tildele temperert vatn 2-3 gangar daglig. Dette gjer at dei ikkje har fri tilgang på vatn heile døgnet, så me ser litt på ulike alternativ for å gjøre det betre.

I dag får kalvane 9-10 liter søtmjølk til dei er 4 veker, før me trappar dei ned til null i løpet av dei neste 4-5 vekene. Råmjølk får dei så mykje av som dei vil. Mjølka tildeles to gangar/ dag i mjølkebøtte med smokk. I tillegg får dei kraftfôr og silo frå dag ein og fri tilgang på vatn. Etter me flytta kalvane ut har me ikkje hatt ein einaste kalv med leddbetennelse. Diare kan oppstå ein skjeldan gang, men det har vore mykje lettare å bli kvitt enn når dei stod inne. Me ser ei tydelig betring av kalvehelsa etter at kalvane blei flytta ut, og angrar så absolutt ikkje på valet.

Kontakt oss om du har spørsmål eller ønskjer å diskutera kalveoppstallinga di i eksisterande bygning eller ved nybygging http://www.landbruknord.no/om-bygningsradgivning-2/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.